Har du lyst til å bli ein del av vårt a+ team? Les vidare!
Accountor HAFS er lokalt eigd, og er franchisetakar i Accountor. Vi har hovudkontor i Dale og avdelingskontor i Leirvik. Det er viktig for oss at du trivst på jobben! Vi har i dag 16 dedikerte medarbeidarar der ein i Leirvik og 16 sit i Dale, der tre av desse også bemannar kontoret i Førde.
Vi har høg medarbeidartilfredsheit og høg kompetanse både fagleg og på systemsida. Vi er svært opptatt av å ta i bruk ny teknologi, og er i teten på dette området.
Ønskjer du å være med og utvikle næringslivet? Ser du etter ei stilling med utviklingsmoglegheit – og ser du etter ein arbeidsgjevar som kan løfte deg vidare? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi har no ca 400 kundar lokalt. Vi ønskjer å styrke vår satsing ytterlegare, og søker ein autorisert rekneskapsførar eller ein person som er villig til å lære seg faget med bakgrunn i si utdanning.
Kven er du?
Som person er du forretningsorientert, og du blir motivert av å prestere! Vi ser for oss at du er initiativrik, sjølvstendig og ser løysingar der andre ser utfordringar. Vidare er du positiv, og liker å bygge og ivareta gode relasjonar både med kollegaer og kundar.
Videre har du:
- Økonomiutdanning på bachelornivå, med god fagleg innsikt i områda rekneskap, skatt og avgift.
- God IT-forståing og lett for å forstå og ta i bruk ny teknologi.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring eller administrativ bakrunn.
Og ikkje minst ønskjer du vidare fagleg utvikling i eit hyggeleg og spennande miljø! Har du særlege kvalifikasjonar er det også aktuelt med ytterlegare ansvar utover det som er utlyst i stillinga.
Kva vil du gjere?
Rekneskap fra a til å, herunder ansvar for
- Bokføring, dokumentasjon og avstemmingar
- Rapportering til kundar
- Årsoppgjer, skattemeldingar og likningspapir
- Kvalitetsoppfølging av oppdraga
Kva kan vi tilby deg?:
I Accountor blir du ein del av Nord-Europas største kjede innan vårt felt, og i ein bransje som er i ei spennande endring. Du vil få jobbe i eit sterkt fagleg miljø, omgitt av dyktige og framtidsretta kollegaer med ulike bakgrunnar.
Videre kan vi tilby:
- Interessante og utfordrande oppgåver
- Moglegheit til å bli autorisert rekneskapsførar
- Moderne løysningar til våre kundar og dermed ein meir spennande jobb for våre medarbeidarar
- Ein jobb som tilbyr varig personleg utvikling
- Fleksible arbeidstidsordningar
Vi kan også tilby konkurransedyktige vilkår, eit godt arbeidsmiljø, sosiale arrangement og kollegaer som vil jobbe ilag for å levere framtidas tenester til våre kundar!
Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn din søknad med din motivasjon for stillinga, samt din oppdaterte CV. Vi gler oss til å høyre frå akkurat deg!
Arbeidsstad:
Vi har kontorlokaler i Dale, Førde og Leirvik i sogn. Arbeidsstad vil bli avklart etter ønskje det kan være Dale, Førde eller Leirvik, eventuelt i ein kombinasjon.
Søknadsfrist er snarast.
Har du spørsmål om stillinga eller oss som selskap, kontakt dagleg leiar
Kim Frode Solheim tlf:
950 71 677, eller personalansvarleg Ragnhild Nordnes tlf:
410 80 498.
Vi i Accountor arbeider med menneske – ikkje bere med tal!